Typer graver og gravlegging

Den som er ansvarleg for gravferda, har ansvar for å bestemme om den avdøde skal kremereast eller gravleggast i kiste. Det er gravplassmyndigheita som tilviser kva grav som skal nyttast.

Rett til gravplass

Gravferdslova slår fast at alle som er busette i kommunen ved dødsfallet, har rett til fri grav på ny gravstad tildelt av gravplassmyndigheita.

Det blir skilt mellom urne- og kistegraver, samt mellom enkle og doble kistegraver. Ei urne kan setjast ned i ei kistegrav, men ikkje omvendt. Dersom familien har ein eksisterande gravstad, kan dette vanlegvis nyttast.

Ved kistegravferd og gravlegging i namnsett minnelund kan det festast éi grav i tillegg. I heilt spesielle tilfelle kan ein søkje skriftleg om ein tredje grav.

Gravferd

Gravferd

Gravferd er ein seremoni der kista vert senka i jorda. Dette skjer vanlegvis same dag som seremonien blir gjennomført, anten direkte etter seremonien eller på eit seinare avtalt tidspunkt. Tidspunkt for kistenedsetjing må i så fall avtalast med gravplassmyndigheita.

  • For medlemmar av Den norske kyrkja i Hå, er seremonien inne i kyrkja gratis.For dei som ikkje er medlemmar i Den norske kyrkja men ynskjer å nytte kyrkja til seremoni, så tilfell det leigekostnader. (sjå prisar). 
  • Alt som vedkjem gravferda på gravplassen er gratis for alle innbyggjarane i Hå kommune.
  • Ved gravleggjing av personar busett utanfor kommunen påløper det kostnader for seremoni, gravferd og kistenedsetjing.

Bisetjing

Bisetjing


Bisetjing inneber ein seremoni etterfølgt av kremasjon, med urnenedsetjing på eit seinare tidspunkt. Seremonien vert avslutta i  kyrkja.

Kremasjon kan gjennomførast dersom det ikkje ligg føre kjend motvilje frå den avlidne. Kremasjonsavgifta vert dekka av gravplassmyndigheiten i Hå.

Urneseremoni

Urneseremoni

Urneseremoni er tilsvarande ei vanleg gravferd.  Ved ein urneseremoni har ein urna ståande inne i kyrkja i staden for kista.

Før urneseremonien så er avlidne kremert.

Ved ein urneseremoni så set ein ned urna i grava, akkurat som ved ei vanleg gravferd.  

 

Ny kistegrav

Ny kistegrav


Enkel grav:

  • Gratis i  fredningstida, som er20, 40 eller 50 år alt etter på kva gravplass ein nyttar.
  • Det er ikkje mogleg med ny kistegravlegging før fredningstida er over, med mindre grava er i dobbel djupne (Kun på Nærbø).
  • Etter fredningstida vert det kravd festeavgift for 5 år om gongen.
  • For personar utanfor kommunen vert festeavgift kravd frå opprettinga (ingen friperiode).


Dobbel grav:

  • Vert tilbydd på alle gravplassane i Hå.
  •  Då vel ein dobbel grav og nyttar den eine grava og den tomme grava ventar på ektefelle/ sambuar eller andre.
  • Ein har ikkje friperiode for den andre grava, her tilkjem det festeavgift frå dag ein. Men den fyrste grava er gratis i heile fredningsperioden. 

 

Dobbel djupne::

  • Vert tilbydd på Nærbø gravplass – to kister vert sette oppå kvarandre.
  • Ein ny 20-års friperiode startar ved nedsetjing av kiste nummer to. 

Bruk av eksisterande grav

Bruk av eksisterande grav


For å bruke ei festa grav til ny kistegravlegging, må fredningstida ha gått ut sidan førre gravlegging – med mindre det er ei grav i dobbel djupne..

Alle kistegraver kan nyttast til urner. Det er inga friperiode dersom tidlegare friperiode er utløpt.

Urnegraver

Urnegraver


Ny urnegrav (plass til fire urner):

  • Gratis i 20 år for personar folkeregistrerte i Hå kommune.
  • Personar med adresse utanfor kommunen må betale festeavgift.


Urnegrav i namnsett minnelund:

  • Friperiode på 20 år for personar frå Hå kommune.
  • Festeavgift for 5 år om gongen etter friperioden.
  • Gravplassmyndigheiten skaffar og set opp namneplate til bruk på minnelunda
  • Festar får eigen faktura på denne (sjølvkost).

 

Urnenedsetjing

Urnenedsetjing


Urnedsetjing er når ei askeurne vert sett ned i ei grav etter kremasjon. Urna skal setjast ned så snart som mogleg etter kremasjonen, og seinast innan seks månader. Pårørande eller gravferdsbyrået tek kontakt med gravplassmyndigheiten for å avtale tidspunkt.

Alternativ:

  • Med pårørande til stades: Ein tilsett og representant frå gravferdsbyrået  møter dei etterlatne ved grava.
  • I stillhet: Vert utført utan pårørande til stades. Det kan givast beskjed dersom det er ønskje om det.

 

Gravlegging i alternativ himmelretning

Gravlegging i alternativ himmelretning

I Hå har me eigne felt på Nærbø kyrkjegard og Varhaug kyrkjegard, tilrettelagt for religionar som praktiserer gravlegging med alternativ himmelretning.

Oskeutstrøying

Oskeutstrøying


Det er mogleg å søkje Statsforvaltaren om oskeutstrøying. Dersom den avlidne ikkje rakk å søkje sjølv, kan pårørande gjere det dersom det kan dokumenterast at dette var ønskjeleg for den avlidne.

Statsforvaltaren er ansvarleg mynde. Gravminne kan ikkje setjast opp på gravplass ved oskeutstrøying.

🔗 Meir informasjon om oskeutstrøying →
🔗 Søk om oskeutstrøying digitalt via Statsforvaltaren →