Når blir ei grav freda/verna?
Når blir ei grav freda/verna?
Graver frå mellomalderen og samiske gravminne som er frå oldtida eller mellomalderen (inntil år 1537) er automatisk freda; ref. Kulturminneloven §4.
Freda graver kan ikkje brukast på nytt, og gravminnet/gravsteinen kan ikkje flyttast utan godkjenning frå fylkeskommunen. Ein må då søka spesielt for kvar gravstein, med foto av steinen m.m.
Det kan også vera andre grunnar til at ein ønskjer å verna enkelte graver. Målet er å få laga verneplanar for alle gravplassane etter en grundig vurdering av kva gravminne som bør bli tatt vare på for ettertida. Vilkår for vern kan vera utforming (at ein ønskjer gravminne som representerer ulike stilartar og tidsperiodar), materialbruk (f.eks. spesielle materialar eller lokale steinsortar), inskripsjon, kven som er gravlagt (ein person som har lokalhistorisk verdi). Verna gravminne utan festar må gravplassadministrasjonen sjølv ta ansvar for - det er difor avgrensa kor mange gravminne som kan omfattast av ein slik verneplan. Endeleg vedtak i slike saker blir gjort av Hå kyrkjeleg fellesråd (gravplassadministrator).
Kva skjer med grava når festetida er ute og ein ikkje ønskjer å fornya denne?
Kva skjer med grava når festetida er ute og ein ikkje ønskjer å fornya denne?
Ved stans av festet har du rett til sjølv å fjerna gravminnet. Dette må bli gjort innan seks månader etter at skriftleg ønskje om sletting av grav er sendt gravplassadministrasjonen. Dersom du ikkje ønskjer å fjerna gravminnet og eventuelt gravutstyr sjølv, går dette over til gravplassen, jf. Gravplassloven § 18. Ver då merksam på at gravminnet kan bli ståande lenger enn seks månader.
§ 18 i Gravplassloven seier:
«Et feste opphører når festetiden er ute. Når festet opphører, skal festeren om mulig gis anledning til å fjerne gravminne og lignende innretning fra gravplassen. Det som ikke er fjernet fra gravplassen innen seks måneder etter festets opphør, tilfaller gravplassen. Gravminne av kunstnerisk eller kulturhistorisk verdi skal om mulig bli stående på gravplassen.»
Kven har ansvar ved skader på grav eller gravutstyr?
Kven har ansvar ved skader på grav eller gravutstyr?
Gravplassadministrasjonen er ikkje ansvarleg for skader på grav eller gravutstyr ved naturkatastrofe, hærverk, tjuveri o.l., med mindre det skuldast aktløyse av dei som arbeider på gravplassen. Gravplassadministrasjonen har dermed ikkje erstatningsansvar for skade på gravminne, pyntegjenstandar på gravminnet eller i plantefeltet, innramming av plantefeltet eller planter i plantefeltet når skaden skuldast vanleg drift av gravplassen. Eit gravminne må vera av eit materiale som er haldbart og som krev lite vedlikehald. Gravminnet må tåla dei påkjenningane det blir utsett for ved vanleg drift og vedlikehald på gravplassen. Det er festar (dei pårørande) som eig gravminnet og som er ansvarleg for tilsyn, vedlikehald m.m. av dette.
Aukar festeavgifta etter kor mange som ligg gravlagt i ei grav?
Aukar festeavgifta etter kor mange som ligg gravlagt i ei grav?
Nei, festeavgifta blir rekna ut frå om det er ei enkel eller dobbel grav. Urnegrav blir rekna som enkel grav. To graver ved sida av kvarandre blir rekna som ei dobbel grav.
Kor stort kan plantefeltet vera, og kva kan eg planta på ei grav?
Kor stort kan plantefeltet vera, og kva kan eg planta på ei grav?
Plantefeltet kan vera opptil 60 cm breitt, men ikkje breiare enn gravminnet sin bredde. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant.
Plantefelt som det ikkje blir planta i og blir stelt, skal bli tilsådd av den ansvarlege eller bli tilsådd av gravplasspersonellet.
Vekstar som blir planta, må ikkje overstige gravminnet sin høgde eller gå ut over plantefeltet. Lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.
Det er lov å avgrensa plantefeltet med kantstein som ligg i høgde med terrenget rundt. Det er ikkje lov å bruka rullesteinar , hekk eller anna materiale som avgrensing.
I minnelunden er det laga til ein eigen stad for blomster og lys.
Festaren har rett og plikt til å stella og halda i orden den gravstaden vedkommande har ansvaret for
Kven kan vera festar?
Kven kan vera festar?
Det er dei pårørande sjølv som oftast avgjer kven som skal stå som festar for ei grav. Vanlegvis er dette den næraste pårørande, f.eks. ektefellen til avdøde eller eit av barna. Festeansvaret må vera skrive på ein person og ikkje f.eks. eit firma.
Ved usemje om kven som skal overta festeavtalen som den avdøde hadde ansvar for, må saka leggjast fram skriftleg for gravplassadministrasjonen i Hå for godkjenning.
Kor lenge kan ein festa ei grav?
Kor lenge kan ein festa ei grav?
Det er ulike lokale reglar for festing av graver. I Hå kommune er festetida for graver 5 år. Dette betyr at festaren har rett til å bruka grava i 5 år og kan forlenga festet ved å betala festeavgift for nye periodar.
Dersom festaren ønskjer å avslutte festet før perioden er over, må dette meldast skriftleg til gravplassadministrasjonen. Festaren kan då fjerna gravminnet sjølv eller be gravplassadministrasjonen om å fjerna det.
Kor stor kan ein gravstein vera?
Kor stor kan ein gravstein vera?
Gravminnet skal ikkje vera høgare enn 150 cm, breiare enn 85 cm og tjukkare enn 60 cm, avgrensa slik at største høgde x største bredde x største tjukkleik ikkje er meir enn 0,2 m³ og vekta ikkje overstig 300 kg.
På graver mindre enn 2,4 x 1,2 m skal gravminnet ikkje vera høgare enn 80 cm, breiare enn 75 cm og tjukkare enn 60 cm, avgrensa slik at største høgde x største bredde x største tjukkleik ikkje overstig 0,1 m³ og vekta ikkje overstig 150 kg.
Ståande gravminne i stein skal festast til fundament i stein med to 15 cm lange og 12 mm tjukke rustfrie boltar.
Fundamentet skal ha form og storleik som sikrar at gravminnet står stabilt, og skal i botnen ha ei anleggsflate som er dobbelt så brei som gravminnet sin tjukkleik. Fundamentet kan vera inntil 10 cm lengre enn gravminnet sin bredde. Gravminne som er meir enn 60 cm høgt, skal ha fundamentdjupne som er minst 20 % av gravminnet sin høgde over bakken. Fundamentet skal ikkje vera synleg over bakken.
Gravplassadministrasjonen i Hå skal godkjenna gravminne og fundament før det blir sett opp på gravplassen.
Kan namnet på avdøde stå på ein gravstein eit annan stad enn der den avdøde fysisk er gravlagt?
Kan namnet på avdøde stå på ein gravstein eit annan stad enn der den avdøde fysisk er gravlagt?
Ja. Det er høve til å samle namn på f.eks. ulike familiemedlemmer på ein felles gravstein. (Tidlegare var dette ikkje lov, men den regelen er endra.) Det er likevel ikkje lov å ha namnet på fleire stader, f.eks. både der ein er fysisk gravlagt og på ein felles gravstein.
Mange brukar denne regelen til å samle fleire namn på ein gravstein og slette graver som elles ligg spreidd på gravplassen. Ein har også høve til å få lagt til namn på personar som f.eks. har omkomme på havet eller i krig og som aldri har blitt funnen igjen.
Når kan me setje opp gravsteinen/gravminnet?
Når kan me setje opp gravsteinen/gravminnet?
Det er viktig at jordmassane omkring grava får stabilisera seg før ein set opp ein gravstein, for at gravsteinen ikkje skal sige, bli skeiv eller velte.
Montering av gravminne kan først bli utført etter at gravplassadministrasjonen har godkjent gravminnet og merka staden det skal stå. Det kan ikkje setjast opp tidlegare enn 3 månader etter gravlegging av kiste.
Gravminne på urnegrav kan setjast opp rett etter urnenedsetjinga. Det kan berre brukast eitt gravminne per grav/gravstad.
Er det andre reglar for ei urnegrav enn for ei kistegrav?
Er det andre reglar for ei urnegrav enn for ei kistegrav?
Ja, enkelte reglar gjeld spesielt for urnegraver. Ein kan t.d. ha mindre jordoverdekking over ei urne enn over ei kiste. Ein må venta til fredingstida er over mellom kvar gravlegging av kister i same grav, mens ein kan setja ned ei urne i ei kistegrav alt same dag som ei kistegravlegging har funne stad, dersom det skulle vera trong for det. Ein kan setja ned inntil fire urner i ei kistegrav. Dersom ein set ned ei urne i ei kistegrav før fredingstida er over, vil ein også rekna ny fredingsperiode frå tidspunktet urna blir sett ned.
Når kan ein setja ned ei urne?
Når kan ein setja ned ei urne?
Ut frå lovverket skal ei urne setjast ned seinast 6 månader etter dødsfallet. Ein kan derimot ikkje krevje å få setja ned ei urne så lenge det er tele i bakken. Ansvarleg for gravferda/gravferdsbyrået vil få melding frå krematoriet når urna er klar. Då må pårørande sjølv, eller gravferdsbyrået, ta kontakt med gravplassadministrasjonen for å avtale tid for nedsetjing av urna.
Kor kan eg kjøpa gravstein/gravminne, og skal gravsteinen/gravminnet godkjennast?
Kor kan eg kjøpa gravstein/gravminne, og skal gravsteinen/gravminnet godkjennast?
Det er mange som sel gravsteinar, både lokalt og nasjonalt. Det er ingen krav til kven du skal bruka. Ein kan også bruke stein du finn i naturen om du ønskjer det, og få inngravert namn m.m. på denne.
Det som er viktig å merke seg, er at gravplassadministrasjonen skal godkjenna gravsteinen/gravminnet du set opp, og den/det skal også plasserast på tilvist stad. Det er krav om sikring av gravsteinen du set opp, slik at denne ikkje veltar. Ståande gravminne i stein skal festast til fundament/sokkel i stein med to 15 cm lange og 12 mm tjukke, rustfrie boltar. Fundamentet til gravsteinen skal gravast ned slik at det ligg jamt med terrenget rundt.
Det kan berre setjast opp eitt gravminne på ein festa gravstad.
Det er familien/dei pårørande som eig gravsteinen og som er ansvarleg for sikring, tilsyn m.m. av denne.
Kven avgjer kva gravplass som skal brukast?
Kven avgjer kva gravplass som skal brukast?
Dette blir oftast avgjort i samråd mellom dei pårørande og gravplassadministrasjonen.
Bruk av ny gravplass: Har de ingen gravplass i familien frå før, finn gravplassadministrasjonen ein passande ny gravplass som de kan bruka. Ønskjer de å reservera ei nabograv til f.eks. attlevande ektefelle, må dette avtalast samtidig.
Bruk av eksisterande grav: Har de ei grav i familien som de ønskjer å bruka på nytt, er det først nokre krav som må oppfyllast. Grava må vera eldre enn fredingstida for grava (det vil stort sett sei at det må ha gått 40 år eller meir sidan sist den blei brukt), og den som står som festar av grava, må ha gitt samtykke til gjenbruk. Er dette oppfylt, kan ein som oftast gjenbruka ei eksisterande grav.
.
Har alle rett på gravplass i kommunen?
Har alle rett på gravplass i kommunen?
Alle som bur i Hå kommune, har rett til gravplass på ein av gravplassane våre. Dette gjeld også dødfødde når foreldra ønskjer det.
Personar som ved dødsfallet stod oppførte i manntalet i kommunen, har rett på fri grav på ein gravplass i kommunen. Dette gjeld også om den avdøde på grunn av sjukdom eller alderdom har budd utanfor kommunen det siste året og av den grunn ikkje står i manntalet her. Ein føresetnad for rett til fri grav er at grava er tilvist av gravplassadministrasjonen.
Gravplassadministrasjonen kan gi lov til at også avdøde personar utan bustad i kommunen kan bli gravlagt på ein gravplass i kommunen, men då blir det kravd at kostnadene ved gravferda blir dekka, jf. Gravferdsloven § 6. Dersom avdøde skal gravleggjast i ein annan kommune, kan ein avklare det med gravplassadministrasjonen i den aktuelle kommunen.
Alle har rett til gravplass, uavhengig av tru og livssyn.
Korleis blir ei grav opna?
Korleis blir ei grav opna?
Me brukar gravemaskin til å opna og lukka ei kistegrav. Ved frost i bakken legg me på teletinar for å kunna grava opp jorda. Ein teletinar må liggja på grava 2-4 dagar, avhengig av kor djupt telen går. Ei kiste skal ha minst 0,8 m jord over seg.
Ei urnegrav blir oftast greven opp for hand og skal ha minst 0,5 m jord over urna.
Kva salmar kan ein bruka?
Kva salmar kan ein bruka?
I den norske kyrkja si salmebok finn du mange ulike typar salmar. Har du ein salme du likar særs godt, er det ingenting i vegen for å bruke den. Elles er organisten ein god person å drøfta salmeval med. Du kan også spørja presten om råd når det gjeld salmeval. Hefte du har tatt vare på frå andre gravferder kan også gi deg gode tips om kva salmar som høver.
Må eit gravferdsbyrå delta under seremonien?
Må eit gravferdsbyrå delta under seremonien?
Nei, dei må ikkje det. Men ofte er det gravferdskonsulenten som les opp sløyfer frå kransar o.l. Dette er likevel valfritt. Gravferdsbyrået stiller med det personellet som trengst under seremonien. Pårørande kan pynte sjølv med rettleiing frå kyrkjetenar eller byrå. I kyrkjene finst det kransestativ og lysestakar. Kontakt byrå eller kyrkjekontoret om de lurer på noko.
Kven har rett til å ordne med ei gravferd?
Kven har rett til å ordne med ei gravferd?
Som oftast er det ein eller fleire av dei næraste som saman blir einige om kven som skal sørge for gravferda.
Dersom avdøde er over 18 år, kan ein sjølv skriftleg fastslå kven som skal ha rett til å sørge for si eiga gravferd. Erklæringa må vera underskriven og datert. Dersom ein ikkje har skrive ei slik erklæring, seier lovverket at den avdøde sine pårørande over 18 år i følgjande rekkefølge skal ha rett til å sørgje for gravferda:
Ektefelle*, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken.
*Ektefellen sin rett gjeld ikkje dersom ektefellane på tidspunktet for dødsfallet var separert ved dom eller løyve. Ektefellen sin rett etter denne ordninga gjeld tilsvarande for person som levde i ekteskapsliknande sambuarskap med avdøde då dødsfallet skjedde.
Ved usemje mellom like nære pårørande vil kommunen gjera dei nødvendige vedtaka. Ein kan ikkje klaga på kommunen sitt vedtak.
Dersom ingen ordnar med gravferda, skal den kommunen som avdøde budde i ved dødsfallet, sørgja for dette. Dersom avdøde ikkje hadde bustad her i landet, skal den kommunen der dødsfallet skjedde, sørgja for gravferda. Kommunen kan krevja utgiftene ved gravferda dekka av dødsbuet. Den som ordnar med gravferda, bestemmer om det skal vera kistegravferd , urnegravferd eller kremasjon med urnenedsetjing . Den som ordnar med gravferda, er også den som bestemmer om det skal vera ei gravferdshandling og kva slags seremoni ein skal bruka (kyrkjeleg/borgarleg). Dei aller fleste vil nok prøva å retta seg etter ønskje frå den avdøde, men det er den som ordnar med gravferda, som bestemmer.
Kan ein bruka musikk frå CD eller annan innspeling i gravferda?
Kan ein bruka musikk frå CD eller annan innspeling i gravferda?
Aller helst ønskjer me å unngå utstrekt bruk av "ferdiginnspelt musikk" i gravferda. Me har erfart at det ikkje fungerer like godt som når ein høyrer den same musikken heime i stova. Me har gode musikarar som gjerne legg ekstra innsats i å kunna spela eit vidt spekter av musikk. Ta gjerne kontakt med den organisten som skal spela i den aktuelle gravferda, og avtal direkte med vedkomande. Ein kan ofte finna dei gode løysingane saman framfor å bruka innspelt musikk frå CD og liknande
Er mengden graver lik mengden av gravsteinar?
Er mengden graver lik mengden av gravsteinar?
Nei, ein kan ha felles gravstein for fleire graver, ein har t.d. ofte felles gravstein for eit ektepar. Ekteparet er gjerne gravlagt ved sida av kvarandre i to graver eller i ei grav med dobbel djupne, men har felles gravstein. Festeavgifta blir ikkje rekna ut frå kor mange gravsteinar ein har eller kor mange som ligg gravlagt der, men ut frå om det er ei enkel grav eller dobbel grav.
Namna minnelund for urner
Namna minnelund for urner
- I namna minnelund vert urnene sett ned på eit større gravfelt med felles minnesmerke.
- Den gravlagde får namnet sitt på eit eige skilt på minnesmerke. Det er ikkje høve til å setja ned eige minnesmerke. Det er plass foran minnesmerke til å setja ned blomar. (ikkje planta)
- Namneskiltet i stål er 20 x 8 cm og har plass til namn, fødselsdato, dødsdato
- Gravplassforvaltninga ordnar med inngravering etter informasjon frå gravferdsbyrå.,
- Ved gravlegging i namna minnelund må ein betale ein eingongsum som gjeld for namneskiltet.
- Etter 20 år kan grava festast på ny for 5 år om gongen. Minneplata vert ståande så lenge feste vert oppretthalde.
- Ved gravlegging i minnelunden er det og mogleg å festa ledig grav ved sida av.
Kven er ansvarleg for oppretting av gravminne?
Kven er ansvarleg for oppretting av gravminne?
Det er festaren som er ansvarleg for gravminnet. Festaren kan bestilla oppretting hos gravminneleverandøren. Desse har ofte ei garanti tid og i denne tida gjer dei dette gratis.
Kan ein velja kvar ein vert gravlagd på gravplassen?
Kan ein velja kvar ein vert gravlagd på gravplassen?
I utgangspunktet kan ein ikkje velja kvar ein vert gravlagd på gravplassen.
Ein kan nytta ei gammal grav om att.
Har ein spesielle ynskje, prøver ein å imøtekomma desse. Men i utgangspunktet får ein tildelt ei grav.
Kvifor kan ein ikkje nytta ei gammal grav før etter 40 år?
Kvifor kan ein ikkje nytta ei gammal grav før etter 40 år?
På gravplassane i Hå er det for dårleg jordsmonn til at ein kan grava opp att gamle graver før det har gått ei viss tid. På Nærbø og Ogna kan ein ikkje nytta gravene før det har gått 40 år. På Varhaug så kan ein ikkje nytta gravene før det er gått 50 år.
Unnataket er om ein vel å setja urne i grava. Då kan den nyttast tidlegare.