Varhaug kyrkje
Kyrkjevegen 220, 4360 Varhaug

Om kyrkja
Varhaug kyrkje vart bygd på Odland i 1904.
Kyrkjestaden i Varhaug var, og hadde i uminneleg tid vore, ved sjøen på garden Varhaug. Dette var geografisk eit hjørne av soknet, og på slutten av 1800-talet kom det fram ynskje om å flytta kyrkja til ein meir sentral stad.
Av ting som er tekne med frå den gamle kyrkja, kan me nemna altertavla, preikestolen og døypefonten.
Altertavla er frå 1609, og er den største altertavla frå Rennesansetida i Rogaland. Altertavla er restaurert i 1939.
Varhaug kyrkje har 350 sitjeplassar.
Tilgjengelegheit
| Parkering |
Ja |
| HC-parkering |
Ja |
| Toalett |
Ja (i eksternt bygg) |
| HC-toalett |
Ja (i eksternt bygg) |
| Rullestoladkomst |
Ja |
| Rullestolplass |
Ja |
| Teleslyngeanlegg |
Ja |
Kart
←